3. mars 2013

All Around The World

Ej he lenge sagt at etter ej vart ferdig på skule skulle ej reise jorda rundt, so i januar kjøpte ej og ei venninne (Lucy) jorda rundt billetta. Etter å ha jobba i 6mnd kjente ej at det skulle bli godt å kome seg på reisefot igjen.


Lucy frå Skottland og ej!

21.feb starta ej reisa mi.
Første stopp: Sri Lanka
Lengd: 3veke


Men neeeida, vart no som vanleg forsinkelsa på meg. Reiste heimafrå torsdagsmorgen kl.6.
Volda -Ålesund - Oslo - London - Glasgow ( der møtte ej Lucy). Flyet vårt skulle gå 20:45, men vart forseinka til 2:30. So då ej kom på fyet var ej overlykkelig, alt var berre so herleg og flott! Vi flaug med Emirates Airlines, flotte farga og spotta i taket hadde dei også.

Litt før vi trudde at vi skulle mellomlande i Dubai fekk vi beskjed om at vi måtte stoppe å bytte crew i Kuwait...jaja. Etter en liten time på flyet der bar det vidare til Dubai. Der måtte vi sjekka inn på hotell for eit par tima, sidan neste fly til Sri Lanka ikkje gjekk før kl.3 på natta. (No kan jo ej egentlig sei at ej he våre i Dubai også da).

Laurdagsmorgon lands vi i Colombo, men der var det ingen hotel pick-up, men nok av ivrige sjåføra so ville kjøre oss. Vi bestemte oss for en taxi( 3 mann måtte skubbe den i fart) so bar det fram til hotellet i den ustødige trafikken.

Vi sjekka inn paa eit hotel i Negombo for 3 netter foer det bar vidare til Colombo!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar